Fremgangsmåte:
Legg labbane i vatn over natta og skrubb dei godt.
Legg dei i gryta, fyll opp med vatn, slik at labbane blir godt dekka, salt med to-tre spiseskeier salt.
Kok opp, og la labbane koka i 3-3,5 timar. Slå av vatnet og skyl labbane i kaldt vatn. Legg dei utover til avkjøing.
Legg labbane i saltlake. Bruk gjerne same laken som til sylta, og la labbane liggja eit par døgn. Smak på labbane under vegs, slik at dei ikkje blir for salte.
Ta labbane ut av saltlaken og legg dei i eit kar med kaldt vatn og litt eddikessens. Eddiken gir labbane ein friskare smak. La labbane liggja i vatn to-tre timar. Nå er dei klare for servering. Syltelabbar kan også frysast.
|